Vitskap & Design

Kristin W. Evja

Vitskap & Design
Kristin W. Evja er interiørarkitekt med master i design frå Kristiania. Ho arbeider i skjeringspunktet mellom natur, vitskap og form – og har eit særleg fokus på å utvikle løysingar som kombinerer estetikk med dokumentert effekt. Med røter i både det eksperimentelle og det fagleg forankra, søker ho å gi rom som verkar – ikkje berre visuelt, men fysiologisk og sanseleg. Masterprosjektet «Vitskap & Design» undersøker korleis biologisk inspirasjon og naturvitskap kan nyttast som verktøy i interiørarkitektur. Med utgangspunkt i naturlege strukturar og system, som fraktale mønster, ugla si fjørstruktur og rytmen i dagsljos, er målet å finne konkrete designløysingar som kan forbetre romkvalitet i sårbare kontekstar. Prosjektet kombinerer teoretisk fordjuping, materialeksperiment, prototyping og modellbygging, og har resultert i ei modulbasert løysing som er både fleksibel, skalerbar og tilpassingsdyktig. Løysingane byggjer på prinsipp frå fraktalar for å redusere stress, akustiske material inspirert av ugla for å dempe støy, og biodynamisk belysning for å støtte døgnrytme og konsentrasjon. Gjennom prosjektet stiller Evja spørsmål ved korleis interiørarkitektur kan dra nytte av innsikter frå naturen – ikkje berre som inspirasjon, men som ein metodisk ressurs. Arbeidet er meint som eit bidrag til fagfeltet, og opnar for vidare samtale om korleis design kan vere både vitskapleg forankra og estetisk godt.